a   a   a             sidekart

Etablere nyskapende bedrift?

Dersom du har ein nyskapande idé bør du ta kontakt med oss i Kunnskapsparken. Vi hjelper deg med mykje av det som kan virke uoversikteleg og utfordrande når du skal etablere ei nyskapande bedrift. Vi har etablert eit program for gründarar med nyskapande idear, Fjord Inkubator.

Kva er Fjord Inkubator?

Fjord Inkubator er Kunnskapsparkens tilbud til deg som har ein glimrande idé og ynskjer å realisere denne gjennom ei eigen bedrift. Gjennom oss får du, mellom anna, hjelp til å være modig og nyskapande i prosessen med å realisere ideen din. Målet med ordninga er at etablering av eigen bedrift skal væra enklare, rimeligare og meir effektiv. Du får sjansen til å utvikle bedrifta med støttespelarar rundt deg som bidreg til at du skal lukkast.

 

Kva tilbyr vi gjennom Fjord Inkubator?

  • Rådgjevning vedrørende etablering av bedrift.

  • Hjelp til søknadar, forhandlingar og avtalar.

  • Finansieringsrådgjevning.

  • Fagleg støtte til organisering og leiing.

  • Kvalitetssikring av prosjektet.

  • Kontor og fellestenester i eit inkluderende og utviklingsorientert miljø.

  • Hjelp til å knytte kontakt med dei rette kompetansemiljøa.

  • Strategiske vurderingar – strategi for opphavsretter; IPR, vekststrategi, internasjonalisering med meir. 

Kunnskapsparkens direkte, eller indirekte, involvering i dei enkelte prosjekta er sjølvsagt avhengig av kva fase prosjektet er i og kva samarbeidspartnarar, ressursar og kompetanse som allereie er knytt til prosjektet.

 

Kva skal til for å søke?

Fjord Inkubator har eit eige inntaksråd som vurderer søkarar ut frå gitte kriteriar, mellom anna:

  • Gründerens motivasjon, vekstambisjonar og gjennomføringsevne.

  • Ideen skal væra nyskapande.

  • Forretningsideen må ha eit stort potensial.

     

Ta kontakt med oss i dag, så vi kan hjelpe deg!

 

 

Konrad Fagertun

konrad@kpsf.no

Tlf: 91755306

Facebook

 

Marte Kjernsholen

marte@kpsf.no

Tlf: 95453517

Facebook

 

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane | 6856 Sogndal | Tel 95 20 65 74 | Send epost | Admin