Vavia teken opp i Fjord Inkubator
(1/14/2010 11:22:00 AM)
Vavia er no teken opp som verksemd i Fjord Inkubator. Kunnskapsparken har jobba tett mot Vavia sidan forretningsidéen vart presentert våren 2009. Vavia leverer løysingar som visualiserer idrettsarenaer som til dømes langrennsløyper, samstundes som man får informasjon om løypeprofil og kartposi...
Grunderen bak Vavia, Asbjørn Hønsi, kjem frå Vik, og har vore aktiv i langrennsmiljøet rundt Vik aktiv. Han har et godt nettverk inn mot langrennsmiljøet i Noreg, og det var etter ein presentasjon for Vegard Ullvang at Hønsi fikk motivasjon til å verkeleg ta tak i ideen sin.
- Eg viste han ein demonstrasjon som eg hadde lagd sjølv, og han likte ideen umiddelbart. Da var det bare å setje i gang, seier Hønsi.
Som utviklingspartnar har Vavia brukt nLink, ei bedrift som har spunnet ut av miljøet til ei anna inkubatorbedrift i Fjord Inkubator, Yast.
- Dette viser at sjølv om Fjord Inkubator er ein distribuert inkubator, så klarer man å hente ut synergiar sjølv om verksemdene ikkje sit i nærleiken av kvarandre til dagleg, seier daglig leiar i Kunnskapsparken, Kjetil Kvåle
Return