
Alt på èin stad
(12.01.2011 23:12:00)
Med treningsdagbok.org kan trenarar og spelarar i lagidrettar logge, dele, analysere og kommunisere kring treningsarbeidet. - Vi samlar no funksjonar som tidlegare har vore nytta i opptil 6 ulike system, seier gründer Tomas Skogheim Walsvik.
(Foto: Oddrun Midtbø)
Gründeren vart hausten 2010 teken opp i Fjord Inkubator, med kontorplass på Fosshaugane Campus i Sogndal. Med støtte frå Innovasjon Norge arbeider han no på fulltid med testing og vidareutvikling i samarbeid med utvalde pilotgrupper.
Det er i første omgong fotballtrenarar- og spelarar som er målgruppa, men i prinsippet kan programmet også tilpassast andre lagidrettar.
- Gjennom eigne erfaringar såg eg at det i treningsarbeid vart nytta både for mange og for lite hensiktsmessige verktøy for å kvalitetssikre treningane innan fotballen, seier Skogheim Walsvik.
Det eksisterer mange ulike programvarer/applikasjonar der enkeltutøvarar kan følgje opp treningsarbeidet sitt, men i skjeringspunktet utøvar-lag-trenar finst det i følgje Skogheim Walsvik ingen som har lukkast fullt ut:
- Difor ser ein ofte svært ulike måtar å organisere dette på; frå dei enklaste treningsloggane i Word og Excel, til enkeltapplikasjonar for spesifikke oppgåver. No samlar vi alt i eitt verktøy, seier han.
Med treningsdagbok.no har kvar spelar no si eiga "bok" der alle aktivitetar er samla. Både eigne notat, prestasjonar, statistikkar og oversikter er samla i boka. Trenarar har ei overordna rolle i systemet, og kan operere både på lagnivå og i direkte elektronisk samhandling med utøvaren.
- Slik kan trenarane heve kvaliteten på sitt eige arbeid ved at dei til ei kvar tid har full kontroll og kan planlegge både felles og individuelle treningsopplegg på ein meir effektiv måte. Likeins kan enkeltutøvarane følgje og kommentere si eiga utvikling, seier Tomas.
Walsvik håpar å verte klar med sluttproduktet innan sommaren, og er spent på korleis dette vert motteke i marknaden. Men med solid støtte frå ei rekkje ressurspersonar frå gründer-, forsking- og næringsutviklarmiljøet i Sogndal er han svært så optimistisk:
- Eg har hatt utruleg god hjelp i viktige og utfordrande fasar av utviklingsarbeidet, og er svært glad for å få vere ein del av det pulserande miljøet her på Fosshaugane Campus, avsluttar han.
Sjå treningsdagbok.org