Forskingsprosjekt om Fornybar energi, innovasjon og verdiskaping
(04.01.2011 13:08:00)
Kunnskapsparken , Høgskulen og Vestlandsforsking er i gang med nytt og spennande fellesprosjekt der vi set innovasjon og verdiskaping innafor fagområde fornybar energi i fokus.
Med støtte frå INU-styret kan vi no mellom anna lyse ut 2 doktorgradsstipendiat tilknytt det sterke fagmiljøet som er i ved HSF og VF i dag.HSF og VF er midt inne i det såkalla
Energiprogrammet, med 3 tilsette stipendiatar som forskar på fornybar energi med ulik fagtilnærming. INU prosjektet vårt knyter seg tett opptil dette programmet, men der vi altså trekker fokus meir i retning av innovasjon, marknadsføring, entreprenørskap og finans.
Kunnskapsparken si rolle i prosjektet blir å formidle undervegs kva som skjer og kva problemstillingar forskarane jobbar med. Det er mykje interessant kunnskap for folk flest som blir liggjande inne i vitenskaplege dokument. Vi satsar på å formidle via avisinnlegg, workshops og konferansar, i tillegg til små snuttar på heimesidene og facebooksidene våre.
Men kanskje den viktigaste rollen vår blir å kanalisere og kople bedrifter og bedrifter sine problemstillingar inn til forskarane og slik la ny kunnskap danne grunnlag for bedriftene si utvikling og vekst. Meir konkret ser vi føre oss at det kan omhandle alt frå bruk av fornybare energikjelder, energistrategi og planlegging for bedriftene og til entreprenørskap og nyetableringar med utgangspunkt i etablerte og nye fornybare energikjelder som fylket vårt har store ressursar innafor. Spennvidda er stor og mulegheitene er mange, og vi gledar oss til å kome i gang. I løpet av våren 2011 har vi fått tilsett stipendiatar/forskarar og reknar med dei er i fullt arbeid i prosjektet hausten 2011. Vi vil også arrangere workshopar, og invitere til seminar. Så føl med vidare – om alt går som planlagt held vi det gåande ut 2013.