
Med erfaring frå ”den andre sida”
(09.09.2010 11:24:00)
Med Marte Kjernsholen har Kunnskapsparken fått ein erfaren reiselivsgründer i rekkene. Ei erfaring som nye etablerarar og gründertypar no kan hauste av. I tillegg har regionsenteret Sogndal fått nok ein ny friluftsinteressert innbyggjar.

|
Marte og sambuar Morten Brøckerman har etablert seg i Sogndal. Marte med jobb i KPSF og Morten med medbrakt datajobb.
|
Les meir om Marte Kjernsholen og dei andre tilsette i Kunnskapsparken
Kunnskapsparken utvald som mat- og naturinkubator
Marte har jobba med naturbasert reiseliv i over 10 år, som leiar i ulike reiselivsverksemder - dei siste fem åra som medeigar i Naturopplevingar i Lom. Til kunnskapsparken kjem ho frå ei prosjektleiarstilling i reiselivet i Sogn.
Som gründer har Marte møtt utfordringar på både godt og vondt. Gleda av å skape noko på eiga hand; styre sin eigen kvardag og ikkje minst sjå resultat av arbeidet sitt er ein motiverande faktor til å stå på heile tida.
Men gründerkvardagen fører også med seg ei rekkje utfordringar:
- Eg vart fort vand til å få mykje ut av kvar inntent krone, seier ho om dei økonomiske utfordringane. På toppen av ein tøff økonomisk kvardag skal ein som bedriftseigar forhalde seg til regelverk, offentlege styresmakter, investorar, samarbeidspartnarar og konkurrentar. Alt i tillegg til å utvikle sjølve produktet.
Alliansebygging og samarbeid på tvers av ulike aktørar har difor vore ein kjepphest for Kjernsholen dei siste åra. Spesielt verksemder i reiselivsbransjen vil både på kort og lang sikt profittere på å stå samla – også inn mot det offentlege verkemiddelapparatet og andre naturlege samarbeidspartnarar.
I Kunnskapsparken Sogn og Fjordane vert Marte Kjernsholen ansvarleg for satsinga inn mot mat- og naturbaserte næringar. Kunnskapsparken er nyleg tildelt ansvar for ein av tre inkubatorar innanfor dette området i Noreg.
- Eg er klar til å ta i mot og vere med på å vidareutvikle gode idear basert på mat og natur saman med engasjerte folk, seier Kjernsholen.
Forutan dei faglege utfordringane i jobben på KPSF er det nettopp moglegheitene i naturen kring Sogndal som gjer at østlendingen Marte og sambuar Morten no har etablert seg i Sogndal:
- Vi bur midt i indrefileten av norsk natur, med korte avstander til alt ein kan tenkje seg av friluftsaktivitetar!